3. divisjon damer:

Stryn har alt i eigne hender

Med tre kampar att av sesongen går Stryn sitt damelag ein spennande tid i møte.

Serieinnspurt: Hedda Vatn Øvreberg (fremst), Kaisa Vollsnes Wemby (bakerst) og Stryn møter Vik på heimebane søndag.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn toppar tabellen framfor Sandane på målforskjell, men med to heimekampar att og berre ein borte er laget i førarsetet når det gjeld førsteplassen på tabellen. Søndag møter Stryn sin toppscorar Kaisa Vollsnes Wemby og lagveninnene Vik heime på Stryn stadion.

Må vere skjerpa

Johann Sigurdsson seier til Fjordingen at laget må klare seg utan Olivia Vollsnes Wemby, Andrine Lødemel Bøe og Saeideh Tajik i denne kampen. Sigurdsson forventar tøff motstand frå Vik:

– Det blir ein tøff kamp, Vik er eit fysisk lag med stor innsats. Vi må vere skikkeleg «på» for å vinne kampen.

Motivert gjeng

Også i førre kamp møtte Stryn ein motstandar som var fysisk i spelestilen. Men borte mot Studentspretten gjorde strynejentene jobben og vann fortent 2–0.

– Merkar de no at ein lang sesong går mot slutten?

– Vi merkar lite til slitasje, jentene er i god form og veldig motiverte, seier Sigurdsson.