Mellomtrinnet i Hornindal hadde stor grunn til å vere glade måndag:

Jubla for heilt ny skule

Det var fest og høgtid på same dag måndag, då 5., 6. og 7. klasse i Hornindal fekk flytte inn i det nye skulebygget for mellomtrinnet.

Jublar for ny skule: 7. klasse jublar for splitter nytt klasserom i eit heilt nytt skulebygg. I bakgrunn kontaktlærar Anne Birthe Straumsheim Hofseth og ordførar Stig Olav Lødemel. 

Nyhende

Hornindal kommune har satsa om lag 30 millionar kroner i nytt skulebygg for mellomtrinnet. Ikkje berre får elevane ny skule, men dei får ein skule bygd i massivtre. Som skal gje elevar og lærarar det beste inneklimaet.