Biskopen er usamd:

Halve Kyrkjemøtet vil ikkje stille krav om samlivsform til tilsette

Den norske kyrkja kan ikkje stille krav til samlivsforma til tilsette, meiner nesten halvparten av det nyvalde Kyrkjemøtet. Biskop Halvor Nordhaug er usamd.

– Det kan verke paradoksalt dersom presten i ein vigsel taler varmt om ekteskapet, men sjølv har valt ei anna samlivsform, seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, til avisa Vårt Land.  Foto: Bjørgvin Bispedømekontor /Arkiv

Nyhende

Omtrent 54 prosent av det nyvalde Kyrkjemøtet meiner Den norske kyrkja ikkje kan stille krav til samlivsforma til dei tilsette ved tilsettingar. Nesten to av tre av desse svarer i ei undersøking at samliv er ei privatsak, skriv Vårt Land,

Kyrkja har i lang tid stilt krav til samlivet til prestar, og fram til 2016 var det eksempelvis vanskeleg å bli vigsla som prest dersom ein levde saman med ein av same kjønn.

Dei siste åra har likevel formuleringa "samlivsform kan tillegges vekt" i stillingsannonsar vorte meir omstridd. Mange bispedømme har fjerna ho, men ikkje alle.

– Det kan verke paradoksalt dersom presten i ein vigsel taler varmt om ekteskapet, men sjølv har valt ei anna samlivsform, seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, til avisa.

Han fortel at Bispemøtet behandla temaet seinast i mars 2017. Då var det ifølgje Nordhaug semje om at dei som er i vigsla stillingar, som hovudregel ikkje bør vere sambuarar.

Nordhaug påpeikar at dersom Kyrkjemøtet ønsker det, kan det fatte vedtak om kva for retningslinjer bispedømmeråda skal følgje i tilsettingspolitikken sin.

– Etter noverande ordning styrer bispedømmeråda dette sjølv, men det kan endrast. I kva grad det er aktuelt, er ei anna sak. Men tilsettingspolitikken til fellesråda kan Kyrkjemøtet i utgangspunktet ikkje styre, seier han.

(©NPK)