Ingen fleire nattestengingar på Oldedalsvegen

Vegarbeid: Det pågår veg-arbeid på fv 5724 Olden- Briksdal.   Foto: illustrasjonsbilde/arkiv

Nyhende

– Det pågåande utbetringsarbeidet på fv 5724 Olden-Briksdal fører ikkje til fleire nattestengingar, seier prosjektleiar i Statens veg- vesen, Tone Anette Espe.

– Korleis er status pr. i dag?

– Arbeidet med å stabilisere ei vegskråning ned mot vatnet ved Gytri er ferdig. Der skjedde ei utgliding av ei vegskråning tidlegare i haust. Dette arbeidet førte til nattestenging over ein periode. Vidare er vi i ferd med å lage tre nye møteplassar mellom Håheim og Fossvega. Vi begynte på dette arbeidet i vår, men i samråd med kommunen og turistnæringa, utsette vi dette arbeidet til den tyngste turisttrafikken var over, seier Espe.

– Møteplassane vi arbeider med ligg ved Håheim, Sunde og Fossvega. Vi skal også starte opp arbeidet med å sikre ei vegskråning ved Svoragrova i løpet av hausten, fortel ho.

– Vil arbeidet føre til mykje stenging av vegen?

– Nei, vi ser føre oss berre nokre mindre stengingar på dagtid, om det i det heile blir naudsynt. Eventuelle stengingar blir varsla i god tid på førehand. Alle arbeida skal vere ferdigstilt og avslutta før turistsesongen startar igjen i Oldedalen neste år, avsluttar Tone Anette Espe.