Jan Egil Flo kjøper varelageret til Superdry

Moods-eigar Jan Egil Flo har kjøpt varelageret til Superdry sine butikkar som er konkurs.

Oppkjøp: Jan Egil Flo har kjøpt varelageret til Superdry. Her frå butikken i Drammen tysdag.  Foto: Privat

Nyhende

– Det heile har gått veldig fort, seier Flo til Fjordingen.

– Eg kjøpte varelageret måndag kveld, og dagen i dag har mellom anna gått med til å informere tilsette og pakke ned varer.

– Kva måtte du betale for varelageret til Superdry?

– Eg vil ikkje ut med pris på det noverande tidspunktet, seier Flo.

Han seier vidare at det no blir opphørssal i Bergen, Oslo, Sandvika, Strømmen og på Vestby. Opphørssalet startar fredag.

Då Fjordingen snakka med Flo tysdag var han i Drammen og pakka ned varer i butikken der.

Ifølgje E24 vil Superdry-butikkane i Drammen, Jessheim og på Oslo City bli stengt.

Opphørssalet er venta å vare i to veker.

– Kva med Stryn?

– Du skal ikkje sjå vekk i frå at nokre av varene som blir til overs blir teke med til Stryn, seier ein travelt oppteken Jan Egil Flo til lokalavisa.

Det er ikkje første gong Flo kjøper eit konkursbo. For eit par år sidan kjøpte han konkursboet etter Moods of Norway saman med ei gruppe tilsette.