Kronikk av Marianne Sunde:

Singermuseet kan bli ei oppkome

Singerheimen: Turistbygda Olden er ein god stad å drifte eit museum med tanke på den store tilstrøyminga av både norske og utanlandske turistar. Den 12. juni i år var to cruiseskip på besøk, Britannia og Marella Explorer. Singerheimen med villaen, fjøsen/låven og til høgre bungalowen.   Foto: Marianne Sunde

Nyhende

Tenk om ein kunne spasere opp til Singerheimen gjennom gjenskapte blomsteralléear, for så å setje seg i hagen og oververe eit spel om korleis livet her var mellom herskap og tenarar for 100 år sidan.