Hugs refleksdagen 17. oktober

17. oktober er refleksdagen.  Foto: Trygg Trafikk

Nyhende

Berre fire av ti vaksne brukar refleks, viser undersøkingar frå Trygg Trafikk. Dei som er flinkast til å bruke refleks er born.

Den tredje torsdagen i oktober blir Refleksdagen markert over heile landet. I det høvet har Trygg Trafikk gode reflekstips som gjer deg synleg i mørket.

Trygg Trafikk sine fem beste reflekstips:

1. Fest refleks på alle jakker, sekkar og vesker – då har du alltid med deg refleks.

2. Bruk to eller fleire refleksar. Då er du synleg fra alle kantar.

3. Refleks synst best når den bevegar seg. Fest refleks på armar og bein.

4. Hengerefleksar bør henge i knehøgde for best muleg effekt.

5. Refleks er forbruksvare som blir slite over tid. Bytt ut gamle refleksar!