Martin har tru på framtida

På Frøholm, mellom Olden og Innvik, ligg eit lite sagbruk på nedsida av fv 60. Martin Frøholm er tredje generasjon som fører familieverksemda vidare.

Frøholm Sag: Martin Frøholm gjer stokken klar til saging. 25-åringen set si ære i å levere kvalitet. 

Nyhende

– Bestefar bygde saga i 1936. Det vart bygd ny sag i 1990. Eg overtok saga då far min døydde i 2011, seier Martin Frøholm som til dagleg arbeider som bilmekanikar hos Trucknor Sogn og Fjordane AS i Stryn.