Norsk mjølkeproduksjon må kuttast med 100 millionar liter

Nyhende

Grunna avvikling av eksportsubsidiar må norsk mjølkeproduksjon kuttast med 100 millionar liter, opplyser Landbruksdepartementet. Det er ein nedgang på 7 prosent.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad og leiar i Norsk Bondelag Lars Petter Bartnes skal halde ein pressekonferanse klokka 14 onsdag der dei skal forklare korleis dette skal gjerast.

Norsk Bonde- og småbrukarlag trekte seg tysdag frå fohandlingane om kutt i mjølkeproduksjonen.