Dansa for nye Vestland

- Dei tok Håkonshallen med storm

Fire ungdomar frå dansegruppa i Fjelli UL svinga seg for politikarar og andre gjester då nye Vestland fylke vart feira med festmiddag i Håkonshallen.

Dansa under festmiddagen: Framme f.v.: Ingunn Bergset og Hedda Sølvberg. Bak f.v.: Anders Fjellkårstad, Arne M. Sølvberg og Peder Nyberg. Foto: Privat 

Nyhende

Då fylkessamanslåinga vart markert med stor festmiddag i ærverdige Håkonshallen, var fire unge dansarar frå Fjelli mellom dei som underheldt. Blant dei 200 gjestene i salen sat ein begeistra Alfred Bjørlo.