Skjerpar krava til tungtransport

Nye krav til vinterdekk på tunge køyretøy skal hindre ulykker og fastkøyring. Gebyret for brot på krava vil òg bli høgare.

Regjeringa skjerpar krava til vinterdekk på tunge køyretøy. (Illustrasjon)  Foto: Bengt Flaten/Arkiv

Nyhende

Krava har ein overgangsperiode på eitt år slik at næringa får tid til å omstille seg. Krava inneber at berre dekk med "alpesymbolet" er godkjent på tunge køyretøy. Desse bildekka har vist seg å ha betre akselerasjonsevne på vinterføre, og vil derfor bidra til betre framkomme, skriv regjeringa på nettsidene sine.

Gebyret for brot på krava vil òg auke, og ein vil no få gebyr for kvart brot ein har gjort, ikkje berre for eitt av dei.

I tillegg styrkjer regjeringa Statens vegvesen med 20 millionar kroner for å kontrollere vegstrekka og køyretøya langs vegen.

(NPK)