Inntekta av TV-aksjonen til helga:

Skal styrke rettane til kvinner

TV-aksjonen til NRK søndag 19. oktober går til CARE sitt arbeid for å styrke rettane til kvinner.

Leiar for TV-aksjonen Sogn og Fjordane, Oddrun Midtbø, gler seg til å mobilisere fleire hundre frivillige og bøsseberarar i Sogn og Fjordane søndag 19. oktober. I år er det CARE som har aksjonen med tittelen «Nå er det hennes tur».   Foto: TV-aksjonen Sogn og Fjordane

Nyhende

Oddrun Midtbø leiar arbeidet med den årlege dugnaden i Sogn og Fjordane.

– To av dei eg inviterte med i arbeidet i fjor, er i år for ekspertar å rekne sidan Irene Uwamahoro kjem frå Rwanda og Yvonne Nshimirimana frå Burundi. TV-aksjon i år skal gje 400.000 kvinner moglegheit til å tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få ei røyst i samfunnet, seier aksjonsleiaren i ei pressemelding.

TV-aksjonsmidlane går til CARE sitt arbeid i ni land: Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

– TV-aksjonen er heilt unik. Søndag 20. oktober samlar alle i Norge seg om denne viktige saka. Det gjev ei stor kjensle av fellesskap. Alle bidreg til å gje kvinner i nokre av verdas mest sårbare område mulegheit til å skape eit betre liv for seg og sine, seier Midtbø.

Aksjonsleiarar i indre Nordfjord er Randi Langlo i Hornindal og Torstein Tvinnereim i Stryn. Mange lokale bøsseberarar er klare for å samle inn pengar til i god sak søndag ettermiddag.