To mista lappen i Stryn

Illustrasjonsfoto  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

To personar måtte levere frå seg førarkortet etter å ha køyrd inn i strynepolitiet sin laserkontroll på moloen ut av sentrum fredag. Dei to som mista førarkortet vart målte til 76 og 79 km/t i 50-sona.

Politiet skreiv i tillegg ut to forenkla førelegg. Høgste målte fart av desse var 73 km/t.