Trefellingsfeil gav 40.000 kr i erstatning

Magnhild Berge har motteke erstatning på 40.000 kr av Stryn kommune for tre bjørker dei felte på hennar eigedom.

Innsyn: Då dei tre bjørkene på Berge sin eigedom vart saga ned i samband med utsiktsryddinga, auka innsynet til eigedomen. Berge har no motteke 40.000 kr i erstatning etter trefellinga. 

Nyhende

Hogsten fann stad i byrjinga av oktober i fjor då kommunen skulle rydde eit kommunalt område for å betre sikta i eit vegkryss ved eigedomen. I samband med trefellinga kom dei også i skade for å sage ned tre bjørker på Berge sin eigedom. Gjennom advokat kravde Berge erstatning for trefellinga, og særleg forholdet med auka innsyn vart drege fram. Det opphavlege kravet frå Berge sin advokat var på 107.000 kroner.