Eit hjerte av stein kan også varme

Eit hjerte i steinen dukka opp på stien og varma litt ekstra då speidarjenter frå Stryn var på kveldstur til Segestad.

Naturhjerte: Eit lite hjerte sende ei fin melding til speidarane som var på kveldstur til Segestad.   Foto: Jarle Hessevik/ Strynespeidarane

Nyhende

– For litt sidan var eit par patruljer frå strynespeidarane på kveldstur til Segestad i Oppstryn. Midt i stien var det ei av jentene som oppdaga denne perla. Det ser ut til at nokon har pynta litt på hjertet. Kanskje sat det ein litt sliten turgåar på steinen attmed og kvilte litt. Personen tenkte nok kanskje ikkje at ei speidarjente skulle finne denne fine «meldinga», men det var nettopp det som skjedde. Naturen er gavmild, skriv strynespeidarane på facebook-sida si.