Spelemannslaget Fjelljom:

Nominert til Årets lokallag

Spelemannslaget Fjelljom er blant dei tre nominerte i landet til å vinne prisen Årets lokallag 2019. – Veldig gledeleg, seier Arne M. Sølvberg i Fjelljom.

juniorane: Fjelljom Spelemannslag si «junioravdeling» i aksjon på Fylkeskappleiken i Stryn. I midten av november blir Årets lokallag i FolkOrg kåra. Fjelljom er nominert. Arkivfoto: Thomas Thaule 

Nyhende

Kvart år deler FolkOrg (Organisasjonen for folkemusikk og folkedans) ut pris til eit spelemannslag og ein folkemusikkarrangør som på kvart sitt vis har utmerka seg spesielt.

Dei fleste av dei 4.600 medlemmane er knytt opp mot 153 mangfaldige lokale spel- og dansarlag og områdelag.

Lokallaga er ryggrada i organisasjonen og syner stor aktivitet. FolkOrg ynskjer å løfte fram det gode arbeidet som lokallaga gjer, gjennom blant anna å dele ut prisen for «Årets lokallag». Årets lokallag blir vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av forslag som kjem inn. Styret vel tre nominerte, og prisen vert delt ut under Folkelarm 14.–17. november, fortel rådgjevar Solfrid N. Gjeldokk i ei pressemelding frå FolkOrg.