Seriestart for handballdamene

Seriestart: Terese Vik Nygård (t.v.) og Rimor Nesje sesongopnar i 4. divisjon handball laurdag.  Foto: Roy Aron Myklebust (arkiv)

Nyhende

Stryn sine handballdamer startar sesongen med to kampar i Sogn laurdag.

Damelaget er i år å finne i 4. divisjon, og først ut er kamp mot Vik før turen går til Leikanger og oppgjeret mot Syril seinare på ettermiddagen.

– Det er litt vanskeleg å vite kor vi står i forhold til laga vi møter, men vi satsar på å vinne i alle fall ein kamp, seier trenar Oddny Grete Njøten.

Grunna renovering av Strynehallen hadde laget den første skikkelege treninga måndag denne veka. Då møtte heile 20 spelarar, inkludert spelarar på 16-årslaget.

Stryn sin kamp mot Syril kan du sjå på fjordingen.no. Kampstart er kl. 16.45.