Skal byte lysa i Strynefjellstunnelane

Måndag startar Mesta arbeidet med å byte lysa i Ospelitunnelen på rv 15 Strynefjellsvegen.

Strynefjellstunnelane: Lysa i Ospelitunnelen skal bytast ut. Arbeidet vil vare frå 21. oktober til 31. mai.  Foto: Hannah Sofie Flaten

Nyhende

Prosjektleiar Sveinung Hovland fortel at all lysarmatur skal bytast ut, inklusive leidningsnettet. – Vi skal henge opp kabelstige i taket og oppgradere høgspentkiosken. Dette er heilt nødvendig arbeid for å halde tunnelen open. Dagens lys er utslitt, seier Hovland.

– Vi tek Ospelitunnelen no, med arbeid fram til 31. mai. Så gjer vi tilsvarande jobb i Grasdalstunnelen neste haust, vinter og vår. Total kostnad for begge tunnelane er om lag 30 millionar kroner, seier Hovland. Arbeidet vil skje på dagtid måndag til torsdagar. Trafikken vil gå forbi med ledebil, men med mulig stenging i inntil 30 minutt. Det vert fri ferdsel fredag, laurdag og søndag.