Strynesiger i serieopninga

Damelaget til Stryn: Tomålssiger 26-24 i bortekampen mot Vik laurdag. Bak f.v. Ida Sønsterudbråten, Rigmor Nesje, June Leirgulen, Thusika Velalakan, Terese Vik Nygård, Karolina N. Hafsås og Emma Njøten. Framme f.v.: Joanna Øvre-Flo, Andrine L. Bøe, Oda Nesje, Odina U. Hool og Marie Johannsdottir.  Foto: Stryn Handball

Nyhende

Damelaget til Stryn har teke sine to første poeng i første seriekamp for sesongen. Dei starta årets 4. divisjon i handball med bortesiger mot Vik 24-26 laurdag. Til pause stod det 15-13 til heimelaget.

I ein jamn kamp stod det 24-24 tre minutt før slutt. Men Terese Vik Nygård (5 mål) og Joanna Øvre-Flo (9) sørga for at dei to siste måla i kampen gjekk i favør Stryn. Dermed kunne laget juble for alle poenga.

- Ein hard kamp med tøffe duellar, seier trenar for damelaget til Stryn, Oddny Grete Njøten.

Laurdag kveld vart det 21-20-tap mot Syril. Pauseresultatet var 11-9. Sogningane sette inn ei straffe ti sekund før slutt, og tok begge poenga.