Valde nytt ungdomsråd i Stryn

Nye og gamle medlemmer hadde sitt første møte i Stryn ungdomsråd denne hausten tysdag 15. oktober.

Stryn ungdomsråd: Fremst i midten: leiar Joanna Øvre-Flo (Stryn vgs). Nestleiar: Natalia Orlayova (Olden skule) og sekretær: Johannes Mangard (Stryn vgs). Faste medlemmer: i tilfeldig rekkjefølgje: Sara Gjertsen (Stryn vgs), Maja F. Baade (Olden skule), Ingrun Agjeld (Olden skule), Magdalena Kacperska (Stryn ungdomssk.), Sofie Njøten (Stryn ungdomssk.), Martine Erdal (Stryn ungdomssk.). Varamedlemmer: Eivind Andreas Grov (Stryn vgs), Synne Sandbakk (Stryn vgs), Verona G. Kämpf (Olden skule), Kristian Sunde Reme (Olden skule), Christian Johannessen (Olden skule), Henriette Bjørlykke (Stryn ungdomssk.) og Amund Max Brekke (Stryn ungdomssk.). Foto: Stryn kommune 

Nyhende

– Vi starta møtet med litt informasjon om kva eit ungdomsråd er og kva det vil seie å vere ungdomsrådsrepresentant, fortel Ingrid Heieren, avdelingsleiar for kultur og ungdomskontakt i Stryn kommune. Blant sakene på møteplanen var blant anna:

Reguleringsplan for Stryn sentrum: Geirmund Dvergsdal informerte om reguleringsplan, og ungdomane kom med sine idear om kva sentrum bør innehalde.

Arena Stryn: Are Njøten informerte om planar og ønskte innspel frå ungdomane på ønskjer frå dei.

Joanna Øvre-Flo (Stryn vgs) vart valt til leiar, og nestleiar er Natalia Orlayova (Olden skule) og sekretær er Johannes Mangard (Stryn vgs).