Berre 9 av 46 borgarlege ordførarar er kvinner

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og lokale lister har høgast del kvinner blant ordførarane sine etter valet, medan regjeringspartia kjem dårleg ut.

Illustrasjon Avtroppande Stryneordførar Sven Flo sitt parti Høgre, har åtte kvinnelege ordførar i landet, noko som dreg snittet opp. Ap har flest, medan Frp og KrF har ingen.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Det viser ei oversikt i Nationen onsdag.

Det som dreg delen for regjeringa opp på 20 prosent, er Høgre sine åtte og Venstre si eine kvinnelege ordførar, for Frp og KrF har ingen kvinner i det heile blant sine til saman elleve ordførarar rundt om i landet.

Ap har 54 kvinner blant sine 141 ordførarar, ein prosentdel på 39. Sp har 46 kvinner blant sine 131 ordførarar, 35 prosent.

Frå lokale lister er det sju kvinner og tolv menn som har fått ordførarkjede, ei jamnare fordeling enn nokon andre parti kan skryte av.

– Vi er stolte over alle dei dyktige ordførarane vi har fått, men skulle sjølvsagt sett at vi hadde ein betre kjønnsbalanse. Generelt har alle parti dessverre færre kvinner enn menn på listene. Det betyr at det politiske Norge går glipp av masse viktig kompetanse, seier KrF-nestleiar Olaug Bollestad.

Leiar i Høgres kvinneforum Tina Bru seier hovudforklaringa må vere at dei er jamt over for dårleg til å putte kvinner på topp, og at for få kvinner er med i partiet og vil stille til val.