- Ta godt imot bøsseberarane

Klare til innsats: Ein del av TV-aksjonskomiteen i Stryn samla før helga. Bak frå venstre: Ragnhild Vambeset, Bodil Rand, Jon Kåre Blakset, Haldor Hove, Per Heimlid. Framme frå venstre: Heidi Liadal, leiar Torstein Tvinnereim og Jorunn Aa Myklebust. Desse var ikkje til stades: Roar Berge, Hans Ørjasæter, Ellen Hilde, Hege Gjertsen, Nils Sølvberg og Alf Martin Almskår.   Foto: Privat

Nyhende

Søndag ettermiddag skal mange lokale bøsseberarar rundt om til bygdene i indre Nordfjord og resten av landet. I år er det organisasjonen Care som får inntektene av årets TV-aksjon i regi NRK.

- I Stryn kommune er det om lag 95 bøsseberarar, fortel leiar for aksjonskomiteen i Stryn, Torstein Tvinnereim.

- 20 bøsseberarar skal gå i Hornindal kommune, fortel leiar for aksjonskomiteen i Hornindal, Randi Langlo.

Ho fortel og at ungdomstrinnet ved Hornindal skule har hatt "gje ein dag", og samla inn totalt 8300 kroner til årets TV-aksjon.

Fjordingen oppfordrar barnehagar, skular og organisasjonar til å sende eit bilde og kort tekst viss dei har samla inn pengar til aksjonen.

Begge aksjonsleiarane oppfordrar folk til å ta godt imot alle dei frivillige som kjem med bøsser i løpet av søndag ettermiddag.

HER kan du lese meir om årets TV-aksjon til inntekt for Care.

Fakta om TV-aksjonen NRK

  • TV-aksjonen NRK har blitt arrangert éin søndag i oktober kvart år siden 1974. I år går TV-aksjonen av stabelen søndag 20. oktober.
  • Årets TV-aksjon går til CARE sitt arbeid for kvinners rettigheiter. 400.000 kvinner skal få mulegheit til å tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få  stemma si høyrd.
  • TV-aksjonen NRK er verdas største innsamlingsaksjon.
  • Over 7000 frivillige jobbar fram mot aksjonsdagen for å mobilisere 100.000 bøsseberarar.
  • Siden 1974 har det norske folk samla inn over ni milliardar kroner som har gjeve titall med millionar menneske livsviktig hjelp.