Mot thrilleravslutning i 3.divisjon:

Bortekamp for Stryn

Anja Tomasgård, Marie Johannsdottir og Tuva Fredheim spelar borte mot Kaupanger 2 måndag.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Anja Tomasgård (bildet) og Stryn sitt damelag i 3. divisjon fotball møter Kaupanger 2 på bortebane i nest siste serierunde måndag kveld. Trenar Johann Sigurdsson melder at alle spelarane er klare til kamp.

Stryn kjem frå 9–0 siger mot Vik og toppar tabellen. Om laget skal halde posisjonen er tre poeng nødvendig i denne kampen.

Stryn og Sandane toppar 3. divisjon med 33 poeng, medan Førde på tredjeplass har 31 poeng. Førde og Sandane møtest tysdag kveld.

Stryn sitt oppgjer mot Kaupanger 2 kan du sjå på fjordingen.no, og avspark er sett til kl. 19.00.