Her kan du sjå resultata frå TV-aksjonen

Bøsseberar: Adham Abdo i Innvik var ein av mange lokale bøsseberarar under TV-aksjonen søndag.   Foto: TV-aksjonen Stryn

Nyhende

Stor gjevarglede og mange ville støtte Care og TV-aksjonen søndag.

I Hornindal kommune vart resultatet 70,67 kroner per innbyggjar. Totalt kom det inn 81.407 kroner i kommunen.

Resultatet for Stryn kommune viser 44.40 kroner per innbyggjar. Her vart det samla inn totalt 318.246 kroner.

Sogn og Fjordane viste nok ein gong at fylket mobiliserer og støttar opp om den årlege aksjonen. Fylkesresultatet viser 5,9 millionar, noko som er førsteplass av alle fylka i landet. I gjennomsnitt blir det om lag 46 kroner per innbyggjar.

Alle som ikkje var heime fekk ein Vipps- lapp på døra, så det kan kome inn fleire kroner dei komande dagane.

Totalt i heile landet vart det samla inn om lag 220 millionar kroner i løpet av aksjonsdagen. Pengane går til organisasjonen Care.

HER kan du sjå resultata for alle kommunar og fylke i landet.