18 år og eige firma:

Johan Olav satsar friskt

Han er berre 18 år, men Johan Olav Parr Flo har allereie starta sitt eige firma i Stryn.

Utleige: Johan Olav Parr Flo (18) har starta si eiga verksemd i Stryn, Stryn House Apartments AS. Parr Flo leiger ut tre hyblar og tre hotellrom i Flogården i Tonningsgata. På sikt ser han føre seg å utvide firmaet.  Foto: Thomas Thaule

Eg er i ein oppstartsfase. Først vil eg få dette i gang, men på sikt satsar eg på å utvide firmaet

Nyhende

Johan Olav er kanskje «arveleg belasta», med ein far og bestefar som driv Jernia, ei mor som driv frisørsalong i Hornindal, og onklar med eigne firma. Då er det kanskje ikkje så rart at Johan Olav Parr Flo også ville starte for seg sjølv ein gong, trass sin unge alder.