Dødsulukka på Kvivsvegen:

To av dei skadde er utskrivne frå sjukehuset

To av dei sju involverte i ulukka i Austefjorden søndag er utskrivne frå Volda sjukehus.  Foto: Svein Aam, Møre-Nytt

Nyhende

To av dei involverte i front mot front-ulukka på E39 Kvivsvegen søndag morgon er utskrivne frå Volda sjukehus.

Det opplyser politiet i ei pressemelding.

Det var i alt sju personar involverte i ulukka der ein 62 år gammal kvinne omkom.

Tre personar er framleis innlagde ved Haukeland Universitetssjukehus medan ein person er innlagd ved Ålesund Sjukehus. Politiet har ikkje nye opplysningar å dele om skadetilstand.

- Ulykkesgruppa i Statens Vegvesen og politiet sine teknikarar har no avslutta arbeidet på staden. Det står igjen å gjennomføre tekniske undersøkingar av dei to involverte køyretya.

Politiet har no starta den taktiske etterforskinga med avhøyr av dei involverte. Politioverbetjent Oscar Lilleås seier det framleis er for tidlig å trekke nokon konklusjon med omsyn til kva som var årsaka til ulykka.