Ny utgåve av Sport & Spaß

Lokalsportmagasinet Sport und Spaß på Radio Stryn. Programleiarar f.v. Frank Hool, Roy Aron Myklebust og Thomas Thaule.  Foto: Radio Stryn

Nyhende

I kveld frå kl. 20.30 kan du høyre ei ny utgåve av lokalsportmagasinet Sport & Spaß på Radio Stryn.

Eivind Skjerven er blant gjestane i studio, og kva 82-åringen og opium har med kvarandre å gjere får du blant anna svar på i denne sendinga.

Vidare kjem Rigmor Nesje, Terese Vik Nygård og Rita Stølen Veamyhr frå Stryn handball, og Alfred Tytingvåg er med og snakkar om karriera som skiskyttar og fotballspelar i vår arkivspalte. Det blir også direkterapport frå Stryn stadion der Stryn og Førde gjer opp om KM-tittelen i fotball, gutar 15/17.

I tillegg får du sjølvsagt skråblikk på lokalsporten, du får konkurranse og ord og uttrykkspalta.

Programleiarar er Frank Hool, Roy Aron Myklebust og Thomas Thaule. I teknikken sit Ove Aarskog.