Sport und Spaß 23. oktober

Handballen og Eivind Skjerven i flytsona

Nyhende

Eivind Skjerven er blant gjestane i studio i denne 15. sendinga av lokalsportprogrammet. 82-åringen snakkar om minner frå eit langt og aktivt liv, og kva han og opium har med kvarandre å gjere får du blant anna svar på i denne sendinga.

Vidare kjem Rigmor Nesje, Terese Vik Nygård og Rita Stølen Veamyhr frå Stryn handball, og dei kan fortelje om god stemning og offensiv tenking med nye kostar og nytt dekke i Strynehallen før årets sesong.

Alfred Tytingvåg er med og snakkar om karriera som skiskyttar og fotballspelar i vår arkivspalte og i tillegg får du sjølvsagt fyldig dekning av lokalsporten, konkurranse og ord og uttrykkspalta.