Setrevegen:

Fortau frå sentrum til Hogane

Det er no laga til opphøgd fortau på heile strekninga frå Vikavegen til bustadfeltet i Hogane i Stryn sentrum.

Asfaltering av fortau i Setrevegen: Svein Arne Hagen og Veidekke Asfalt har stått for grusing, avretting og asfaltering på den om lag ein kilometer lange strekninga frå Stegen til Hogane bustadfelt.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Setrevegen vart i si tid bygd med fortauet som del av køyrevegen, berre skilt av med kvit stripe. I 2015 fekk Stryn kommune gjennomført tiltaket med eit oppbygd fortau i nedre del av Setrevegen, nærast sentrum, på om lag 700 meter.