Feira ungdommeleg 50-åring:

Stor fest for Fjellrosa 4H

Med rundt 100 personar i salen og helsing frå sjølvaste kulturministeren feira Fjellrosa 4H 50-årsjubileum med stor fest i Rand skule og grendahus.

Dagens gjeng: Medlemane på jubileumsfesten, bak f.v.: Linnea Nesdal, Malene Hopland, Eirik Tvinnereim, Jonas R. Hopland, Jon Nesdal, Rasmus N. Hellevang, Jekabs Freimanis, Rasmus B. Tvinnereim, Alf Tomas T. Tytingvåg, Nora Skrede, Gunn Kristi Tvinnereim. Framme f. v: Eline Nesdal, Rebecca Tvinnereim, Ingunn Hopland, Johanne N. Hellevang, Mathias O. Skrede, Georg Hopland, Truls-David T. Tytingvåg, Johan N. Hellevang. Foto: Vibeke Rand 

Nyhende

4H-klubben Fjellrosa er ein svært aktiv klubb, og ein av dei som stadig har vist att med god aktivitet og stor oppslutning. Såleis har det også siste året vore ein god del aktivitet, fortel klubbleiar Gunn Kristi Tvinnereim til Fjordingen.