Overrekte sjekk på 2,5 millionar:

– Vi håpar dette kan vere startskotet

Søndag delte Sparebanken Vest ut ein sjekk på 2,5 millionar kroner til fotballgruppa i Stryn, øyremerka fotballhall ved stadion. Aldri før har banken delt ut ein slik sum i Stryn.

2,5 millionar: Sparebanken Vest med sjekken på 2,5 millionar kroner øyremerka fotballhall ved Stryn stadion. F.v. Johann Sigurdsson, Lisbeth Mikkelsen, Siri Merete Fure og Rune Ommedal.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

– Vi håpar at dette kan vere startskotet for fotballhallen, og at dette kan gje ein smitteeffekt slik at fleire andre også vil vere med å bidra til prosjektet, seier Lisbeth Mikkelsen ved banken sitt kontor i Stryn.