Ber om at skilt får henge

Visit Nordfjord ønskjer å framleis profilere Breng som «Best of Fjord Norway» gjennom skilting heile året.

Best: Breng som fotomotiv høyrer med i den eksklusive "klubben" Best of Fjord Norway. Noko dette skiltet er synleg prov på. No ønskjer ein at skiltet kan stå permanent. 

Nyhende

I ein konkurranse på sosiale media kalla «Best of Fjord Norway», fekk eit bilete av Breng høgaste score av alle bileta som vart lasta opp. Dette biletet vart våren 2014 vist på Times Square i New York. Visit Nordfjord fekk eit synleg bevis i form av eit «Best of Fjord Norway»-skilt. Dette vart sett opp i Lodalen, i nærleiken av Breng.