Bronsemedaljøren

Då alle trudde at Alfred Tytingvåg hadde lagt vekk skiskyttarkarrieren for godt, slo han tilbake med eit av sine beste løp.

Overraska alle: Alfred Tytingvåg tok ein overraskande bronsemedalje i senior-NM 1995 då han gjorde eit lite comeback i satsinga. Han vart berre slegen av Halvard Hanevold og Ole Einar Bjørndalen på 20 km. Her saman med kvinnene sin sølvvinnar, Eli Merete Melheim frå Heggjabygda. 

Nyhende
Namn: Alfred Tytingvåg
Alder: 48 år
Bustad: Åland, Hopland
Idrett: Skiskyting
Karriere: 1984–1998
Høgdepunkt: 3. plass 20 km NM skiskyting 1995

  Foto: Roy Aron Myklebust

Samanlikna med medaljesankinga som lokale løparar har stått for dei siste tiåra, var det i 1985 noko lenger mellom skiskyttarar frå vårt distrikt som hevda seg på landsplan. I Randabygda hadde rett nok eit par brør Tvinnereim markert seg godt, men desse oppheldt seg austafor og elles var det noko magert i rekkjene.