Den store kinodagen i Stryn

Den store kinodagen vart arrangert i Stryn kulturhus laurdag.

Kino: Stian Sandal og Ella Nygård Sandal skulle på "Snekker Andersen og julenissen" då Den store kinodagen gjekk av stabelen i Stryn laurdag.   Foto: Mina Flo Håvik

Nyhende

Då Fjordingen var innom laurdag i 12.30-tida var det mykje folk i foajeen som skulle på kino.

Kinodagen starta på føremiddagen med Løvenes konge, før Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul tok over stafettpinnen.

Utover ettermiddagen var det fleire godbitar, og kinokvelden blir avslutta med Arnold Schwarzenegger og Terminator: Dark Fate.