Medaljedryss til korsongarar

Mottok medaljar: Desse flotte songarane frå Stryn Blandakor fekk medaljar på jubileumskonserten sist helg. Frå venstre: Jartru Hopland (40-årsmedalje), Aase Karlsbakk (50-årsmedalje), Matias O. Lunde (25-årsmedalje), Lillian Myklebust (25- årsmedalje) og Palma Andreassen (40-årsmedalje).   Foto: Stryn Blandakor

Nyhende

Songarar med lang fartstid i Stryn Blandakor fekk utdelt medaljar på jubileumskonserten sist helg.


Stryn Blandakor 40 år:

Ei storstilt feiring av korjubilanten

-Denne kvelden kan eg garantere vil gje oss både tårer og latter, sa konferansier Silje Guddal då ho ønskte alle velkomne til festkvelden. Og ho fekk rett.