Stryningane får sin bit av kaka

Merethe Strand Guddal og dei andre ved Matstova har det travelt med å servere stryningar "ein bit av kaka". Det er Equinor sin takk til Stryvo AS for innsatsen på Johan Sverdrup-feltet.  

Nyhende

Energiselskapet Equinor (tidlegare Statoil), markerer produksjonsstarten på Johan Sverdrup-feltet på ein spesiell måte:

Dei inviterte alle i Stryn til å få "ein bit av kaka", bokstavleg talt.

- Eitt av Norges største industrieventyr, Johan Sverdrup, hadde ikkje vore mogeleg utan innsatsen til alle i Stryvo AS, skriv Equinor på si nettside.

Og i Fjordingen fredag kunne ein lese at ved å gå til Matstova sin kafe på Stryn Torg og seie at ein ville ha ein bit av kaka, ville ein få servert eit kakestykke.

- Det har vore ein del allereie ja, sa Merethe Strand Guddal ved Matstova då Fjordingen var innom i 13-tida laurdag. Då skulle Matstova servere "ein bit av kaka" eit par timar til til alle interesserte stryningar.