– Det kjennest rart og tomt, men også fint, å avslutte i Hammarby no

Laurdag spelte Mats Solheim mest truleg sin siste kamp for Hammarby i svensk toppserie i fotball. No set han og familien kursen heimover til Norge, men kvar det blir er enno uklart.

Siste kamp: Mats Solheim scora eitt mål då han spelte sin siste kamp for Hammarby. Laget vart nummer tre i Allsvenskan. No går turen mest truleg tilbake til Norge for Solheim og familien.   Foto: Privat

Nyhende

Solheim har fått ei høg stjerne blant medspelarar og supporterar, men etter over 100 kampar for «Bajen» er det truleg slutt for den svært populære 31-åringen i den grøne og kvite drakta.