Professor Atle Nesje held foredrag:

– Vi må rekne med meir intens nedbør

Klimautfordringane på Vestlandet er tema for det opne møtet som Stryn Rotary skipar til på Stryn vidaregåande måndag, med professor Atle Nesje som foredragshaldar.

Foredrag: Professor Atle Nesje held foredrag i Stryn.   Foto: Gunnhild Sindre (arkiv)

Nyhende

– Vi må rekne med stigande temperatur, stigande havnivå, meir nedbør og spesielt meir intens nedbør av den typen vi har sett siste åra, seier Nesje. Han viser både til Jølster og Stryn.

Nesje vil vise statistikk, seie litt om kva konsekvensar endringane vil føre med seg, og kva mottiltak som kan gjerast før han opnar for spørsmål.

Tysdag skal han møte ungdomane på skulen.

– Det blir mykje av det same foredraget, men vonleg også ein del spørsmål og god dialog med ungdomane, seier Nesje som ser fram til å møte folk i heimbygda.