Olden barnehage runda 40 år:

Feiring i friluft i lag med foreldre og born

– Det er tre fedre her i dag som var ein av dei tjue første borna som starta i korttidsbarnehagen i 1979, sa barnehagestyrar Kari Samuelsen Nesdal i si velkomsttale. Foreldre og born var samla til «bursdagsfeiring og haustkafe» i Olden barnehage tysdag ettermiddag.

Mange gjester: Foreldra var invitert til å vere med på feiringa. 

Nyhende

– Hei, kva heiter du? sa ei blid lita jente til oss ved inngangsporten.