Hornindal kommune:

Avviser erstatningskrav

Opparbeiding av bustadfelt på Løvland har ført til erstatningskrav. Kommunen avviser krava på fire av fem punkt. – Respektlaust, seier grunneigar Trond Lødøen.

Lagringsplass: Eigar av gbnr. 204/4 i Hornindal har mellom anna reagert på at eigedomen har blitt nytta som lagringsplass av tømmer i høve utbygginga av nytt bustadfelt på Løvland. Grunneigaren, som sjølv ikkje bur på eigedomen, meiner involverte partar skuldar på kvarandre.   Foto: Privat

Nyhende

Som omtalt har Hornindal kommune fått varsel om erstatning frå ein nabo til Løvland bustadfelt. Grunneigaren fortel om fleire tilfelle av inngrep på privat eigedom i høve opparbeiding av bustadfeltet. Han fortel Fjordingen at han opplever prosessen som svært rotete med få eller ingen varsel.