Carlene Carter til Breim

Kjem til Breim: Carlene Carter til Norsk Countrytreff på Breim sommaren 2020.  Foto: Presse

Nyhende

Den amerikanske countrystjerna Carlene Carter frå USA kjem til Norsk Countrytreff i Breim neste sommar.

- Vi held på tradisjonane, og plukkar det beste frå inn- og utland, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Carlene Carter er nummer tre i rekkja av sterke kvinnelege artistar på countrytreffet, der Tanya Tucker og Emmylou Harris i 2018 og 2019 gjorde flotte konsertar påvitjingane sine i Breim.

Carter er dottera til June Carter og Carl Smith, og stedotter av ingen ringare enn Johnny Cash. På 90-talet gjorde ho braksuksess med låta «Every little thing» her i landet, men karrieren starta alt i1978, fortel arrangørane.

Carlene Carter skal opptre på Hesjestauren og på kyrkjekonserten i Breim kyrkje laurdagen under countrytreffet til sommaren.

Arrangørane har og sleppt fleire av artistane som kjem: Vassendgutane (NO), Mighty Magnolias (NO), The Kody Norris Show (US), Gunslingers (NO) og Pat Reedy & The Long Time Goners (US). Fleire artistar vil bli avslørt etter kvart, lovar arrangørane.