Skogstjerna:

Ellevill bygdakveld i Markane

Dei driftige og initiativrike ungdomane i Markane ungdomslag klarte det igjen. Stappfullt hus, godt program og stor stemning. Bygdakveldane er samlande for bygda.

Strikkeklubb: «Drikk og strikk» fekk besøk av strikkerettleiaren, f.v. Isak, Maren, Linda, Helge, Hildegunn og Atle. Då rettleiaren synte døme på ein nyttig ting i kulden, gjekk jubelen mest gjennom taket!  Foto: Leif Vinsrygg

Nyhende

Fjordingen var til stades i ungdomshuset Skogstjerna laurdag kveld, og etter at programmet var over, snakka vi med Grete og Per Hatledal i ein sofakrok i kjellaren, i pausen mellom gryteretten og kaffi- og kakebordet. Dei var begge svært nøgde med kvelden så langt, og hadde berre godord å seie.