Nye brukonsept i midtre

Nye brukonsept for Anda-Lote blir presentert for første gong onsdag denne veka.

Styreleiar: Alfred Bjørlo er styreleiar i Nordfjordbrua Anda-Lote.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

– Statssekretær Tommy Skjervold (Frp) i Samferdsledepartementet kjem til Sandane onsdag. Han vil delta på møte der det blir lagt fram skisser til nye konsept for Nordfjordbrua Anda-Lote. Statssekretær Skjervold vil også få ei synfaring på E39 Byrkjelo-Sandane. Byrkjelo-Sandane er ein av dei verste flaskehalsane på E39 mellom Bergen og Ålesund.

Det ligg inne 1 milliard kroner til opprusting av E39 Byrkjelo-Sandane i NTP 2019-2028, og Stats- sekretæren vil få sjå kvifor det er avgjerande at opprustinga blir gjennomført som vedteke i NTP, skriv styreleiar i Nordfjordbrua Anda-Lote, Alfred Bjørlo i ei pressemelding.