Stryn klare til første kvalikkamp

Olivia Wemby og Stryn møter Loddefjord søndag.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn sitt damelag i fotball spelar første kvalik-kamp til 2. divisjon når Loddefjord kjem på besøk søndag. Loddefjord vann heile 8–2 i sin første kvalikkamp heime mot Lura i helga.

– Loddefjord verkar veldig sterke, men Lura reiste til Bergen utan reservar og utan i alle fall tre av sine beste spelarar, seier Stryn sin trenar Johann Sigurdsson.

To lag rykker opp, og Stryn spelar siste kamp borte mot Lura 17. november.