God stemning på Den store kinodagen i Stryn

Laurdag var det tid for den store kinodagen i Stryn kulturhus.

Mykje å gjere: Marius Reed Hopland (t.v.), Thusika Sonja Velalakan og Markus Lunde hadde mykje å gjere då Den store kinodagen gjekk av stabelen i Stryn kulturhus laurdag.  Foto: Mina Flo Håvik

Nyhende

Det var god stemning då «Snekker Andersen og julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul» skulle på kinolerretet. Rundt 150 personar, både gamle og unge, tok turen til kulturhuset for å få med seg førpremieren på ein av dei nye julefilmane. Kulturhuset hadde laga til popcorntre, teiknerom og eit rom der ein kunne få seg kinoplakatar. Seinare på dagen gjekk blant anna «Joker», «Wild Rose» og «Askeladden – I Soria Moria slott».