Stryn:

Her er sektorutvalet for tekniske saker

Sektorutvalet for tekniske saker i Stryn kommune hadde sitt første møte på kommunehuset førre tysdag.

Sektorutvalet for tekniske saker: Silje Åsnes Skarstein (Sp), Kjell Ove Bergset (Sp), Haldor Hove (Ap), Gerd Berit Veum (Frp), Jan Træen (Ap), Anne Lyslo (Stryn kommune), Jan Flore (kommunalsjef teknisk), Ellen Hilde Hauge (H), Inge Arne Bøe (H).  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Silje Åsnes Skarstein (Senterpartiet) er den nye leiaren for sektorutvalet for tekniske saker i Stryn. Ho tek over stafettpinnen etter Pål Vonheim frå Arbeidarpartiet. Åsnes Skarstein sat også i utvalet i førre kommunestyreperiode.

Med seg i utvalet har ho Kjell Ove Bergset (Senterpartiet), Haldor Hove (Arbeidarpartiet), Jan Træen (Arbeidarpartiet), Ellen Hilde Hauge (Høgre), Inge Arne Bøe (Høgre) og Gerd Berit Veum (Framstegspartiet).

Veum går laus på sin fjerde periode og sitt trettande år i sektorutvalet for tekniske saker.