Uteområde ved Stryn ungdomsskule:

Nær realisering

Stryn ungdomsskule kan endeleg få realisert eit etterlengta uteområde. Dei manglar 1,2 mill. på fullfinansieringa, og tysdag skal formannskapet handsame tilrådinga om at desse vert sett av i budsjettet for 2020.

Etterlengta: Tilrettelegging av uteområdet ved Stryn ungdomsskule har lenge stått på handlingsprogrammet i Kommunedelplanen for idrett og fysisk aktivitet. No er ein svært nærme ei fullfinansiering av prosjektet. 

Nyhende

Alle kommunar som skal søkje midlar frå spelemiddelordninga er pålagde å ha ein vedteken kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, og anlegg som skal søkje spelemidlar må vere med i handlingsprogrammet som er del av planen.