Var dette siste lokaloppgjeret?

Hornindal og Stryn møttest i lokaloppgjer i fotball i klasse gutar 15/17 siste dagen i oktober. Om det blir fleire seriekampar klubbane i mellom i framtida er framleis uvisst.

Vart desse laga historiske? Hornindal og Stryn møttest til lokaloppgjer i klasse gutar 15/17 den 31/10 2019. Var dette siste lokaloppgjer klubbane i mellom før honndølene slår seg saman med Volda?  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Hornindal slår seg saman med Volda kommune frå nyttår, og kva krets fotballen i Hornindal skal høyre til er framleis ikkje bestemt.