Samkøyrer tilskot til trafikksikring

Nye Vestland: Det nye fylket har samordna dei ulike tilskotsordningane for trafikksikringsmidlar i dei to fylka til tre nye ordningar. 

Nyhende

Frå nyttår vil Vestland fylkeskommune ha ansvaret for tilskotsordninga til trafikktryggleikstiltak i det nye fylket. Trafikktryggleikstiltak har vore ein viktig del av både Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar sitt arbeid overfor kommunane.

Det har vore ulike tilskotsordningar i dei to fylkeskommunane, som no er samordna og utvikla vidare til tre tilskotsordningar, heiter det i eit skriv frå nye Vestland. Det nye trafikktryggingsutvalet i fylket (FTU Vestland) får ansvaret med å handsame søknadar og løyve midlar frå følgjande ordningar:

– Tilskot til fysiske trafikktryggingstiltak

– Tilskot til utarbeiding av kommunale trafikktryggingsplanar

– Tilskot til trafikktryggleiksaktivitetar

Det vil bli opna for søknader etter nyttår og kommunane vil få brev om gjeldande ordningar og søknadsfristar.