Professor Atle Nesje om klima:

– Store utfordringar, men inga krise

Sogn og Fjordane til liks med resten av verda står framfor store utfordringar, men det blir kanskje feil å bruke ordet klimakrise, sa professor Atle Nesje på eit folkemøte i Stryn måndag kveld.

Interessant foredrag: Havnivået vil stige, men førebels stig landet raskare, sa professor Atle Nesje.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

– Vi må konsentrere oss om det vi kan gjere noko med. Det er i første rekke å legge til rette for produksjon av fornybar energi. Når ein Tesla set inn kontakta for lading må det vere til straum frå fornybar energi og ikkje straum produsert på kol i Tyskland, seier Nesje. Han meiner diskusjonen sporar av når ein rettar blikket mot norsk storfehald og kjøtt.